Bakgrunn: Hjarte og karsjukdom (HKS) er ei dominerande årsak til død og helsetapsjusterte livsår og ei byrde for helsevesenet og samfunnsøkonomien i Noreg i dag. Høge nivå av blodkolesterol (BK), blodsukker (BS), blodtrykk (BT) og kroppsmasseindeks (KMI) er viktige risikofaktorar for HKS. Dei tre førstnemnde er vanlegvis symptomfrie og krev fysisk måling for å oppdage risiko. Måling av totalkolesterol (TK) er ein enkel og kostnadseffektiv måte å måle mengd BK. Oversikt over helsetilstanden i befolkninga er naudsynt for å kunne betre folkehelsa, men majoriteten av norske fylke utfører ikkje screening for desse risikofaktorane i dag. Landsdekkjande data frå 1990-talet synte skilnadar i både TK og KMI mellom regionar. Mangel på oppdaterte nasjonale data gjer biletet på TK og KMI på regionsnivå i dag uklart. Målsetting: Å undersøke om det er skilnad i TK, KMI og tidlegare måling av TK, BS og BT mellom fem regionar i Noreg. Sosial ulikskap og andre faktorar vert også kartlagd. Metode: To landsdekkjande tverrsnittstudiar på kardiovaskulære risikofaktorar vart utført i apotek i Noreg i 2012 og 2014. Data på måling av TK og sjølvrapportering av alder, kjønn, vekt, høgd, geografisk tilhøyrsle, tidlegare måling av risikofaktorar, røyk, fysisk aktivitet og sosial ulikskap frå N=21 090 vert nytta i statistiske analysar og framstillingar. Resultat: Våre data viste signifikant høgare gjennomsnittleg konsentrasjon av TK justert for alder og kjønn i Nord-Noreg (n=1 001) med TK 5,70 mmol/L ± 1,00 SD samanlikna med både Austlandet (n=12 609) med TK 5,56 mmol/L ± 1,00 SD (p